BRANDSETH   CATERING   OVERNATTING   KONTAKT  
 

  Om Brandseth Fjellstove
 
 
Brandseth Fjellstove vart opna i 1977 av Johanna og Oskar Brandseth, og dei dreiv staden med overnatting og servering fram til byrjinga av nittitalet.

Dagens drivar, Erling Brandseth, flytte heimatt i 1988 og har sidan vore her.

Brandseth Fjellstove ligg vakkert til med utsyn over bygda, og omkransa av skog og flotte fjellområde. Kun nokre få kilometer frå eit av Norges mest fotograferte utsyn, Nærøydalen sett frå Stalheim. Her kan du og prøva Stalheimskleivi, den brattaste riksvegstrekninga i landet. I dag vel dei fleste å bruka tunnellane som fører rett ned i dalen og vidare til Gudvangen og Sognefjorden.

Brandseth Fjellstove har ope i vintersesongen, feb - apr. og sommarsesong frå jun - sept , men tek imot lag og samkomer også utanfor sesongen.
 
Brandsethdalen er eit populert turområde og om vinteren kan du spenna på deg turskia rett utanfor døra. Du kan leggja iveg på korte turar eller ta for deg av dei enorme områda innover i fjella. Om våren når naturen vaknar til liv i dalen, er det kort veg til snøen lenger oppe. Mange legg skituren til denne tida, fordi sol, snø og lange dagar gjer at ein kan nyta det gode liv i flott natur. Sommaren byr på mange moglegheiter: Utflukt til fjordane, fotturar i skog og mark, prøva fiskelukka i elvar og vatn eller setja kursen for ein av toppane i området. Hausten byr på flotte fargar og bærturar.

Matsalen vår har plass til 50 gjester og er ofte nytta til samkomer av ulikt slag: Barnedåp, bryllaup, årmålsdag, firmafest, etc.
Overnatting i rom av ulik storleik, ta kontakt med oss så får du vita meir.
Alle rom har dusj/wc og me har alle rettigheiter.
Me skal gjera vårt beste for at de skal få ei hyggeleg samkome, og ein minnerik dag.


Brandseth Fjellstove ligg i Brandsethdalen på Vossestrand, 34 km frå Voss sentrum, midt mellom Voss og Flåm. 2 timar frå Bergen. 2,5 km frå hovudvegen, E-16. Kjem du med buss, så ring oss, så kan me henta deg ved hovudvegen.
Vær hjarteleg velkomen som vår gjest!

 
 
 
 

  BRANDSETH
CATERING
OVERNATTING
KONTAKT
Telefon  56 53 05 00
E-post  mail@brandseth.no
Kontaktskjema
 
 
      Rediger